Det blei lagt ned blomsterhelsingar både frå  Ørsta kommune og Ørsta Rotaryklubb på 17. mai. I Ove Røv sin tale minte han oss på at under den største krigsaktiviteten i Ørsta, 5. desember 1944, omkom både navigatøren og flygaren i flyet som blei nedskote. Og det var altså to unge menn frå det australske flyvåpenet som gav livet sitt i kampen for vår fridom. Dette er noko vi aldri må gløyme, heller ikkje når norske soldatar no går ut i kamp for demokrati og fridom. I ei utrygg verd er vi avhengig av, også norske soldatar, som frivillig melder seg til innsats. Demokrati og fridom er noko vi må kjempe for kvar dag.

Uverdig behandling i etterkrigstida

Ove Røv nytta også høvet til å ta eit oppgjer med Noreg si behandling av krigsseglarane. I motsetjing til mange andre land har den norske stats behandling vore sterkt kritikkverdig. Dei heimvende krigsseglarane vart møtt med ingenting og det toppa seg då ein representant frå regjeringa, frå Stortinget sin talarstol, hevda at krigsseglarane ikkje skulle ha nokon pensjon; - dei ville berre drikke opp pengane likevel. Regjeringa Borten gav etter lang tid, på 1970-talet, ei viss oppreising. For mange kom denne for seint, då dei var døde. – Ja, takka var lita, sjølv tyskarane tok betre vare på krigsveteranane enn det Noreg gjorde, hevda Ove Røv. Røv avslutta talen sin med at det er ei glede og ære å få delta på seremoniar som dette, der vi får løfte fram betydelege innsatsen for nasjonen.

Representantar frå heimevernet og NROF deltok i den årvisse seremonien som heidra krigsinnsatsen til dei som gav livet sitt for fridomen vår.

Minnesmerket på Lianes

Presidenten i Ørsta Rotaryklubb, Anne Ellingsen fortalde historia om bautaen på Lianeset som har blitt reist til minne om dei to australske ungdomane.

Frammøtte som deltok på minnemarkeringa etter flyangrepet i Ørstafjorden, der to australske ungdomar omkom.

Ein sommardag i 1947 gjekk båten «Ørstafjord» frå sentrum med etterkomarane frå Australia, Ungdomskoret og nokre innbodne gjestar, ut til staden der flyet styrta i sjøen. Sokneprest Norderval haldt tale og kasta tre nevar med australsk jord på sjøen, før alle song Leid milde ljos. Turen gjekk så til Lianes for avdukinga av bautaen, der Nils Angell Brekke stod for arbeidet med å hogge inn teksten på steinen.  Det blei halde fleire talar som hylla den modige innsatsen til dei to. Talane gjorde eit djupt inntrykk hos den talrike forsamlinga.

Geir Høydalsvik