(Sunnnørsposten): Dette er oppmodinga frå prost i Søre Sunnmøre prosti, Ingeborg Matre som er busett i Volda. Opphavleg er ho frå oljebyen Stavanger. Men problemstillingane kring helg og høgtid er nokså like i byen og på landet, og frå landsdel til landsdel opplever ho.

– Bra med alle dei raude dagane

Diskusjonen om vi treng å ha raude fridagar lenger, som 2. påskedag og 2. pinsedag, har dukka opp med forsterka styrke denne våren. Sunnmørsposten spurde Søre-prosten om korleis ho ser på dette.

– For oss som arbeider i kyrkja er det veldig greitt med alle dei raude høgtidsdagane vi har. – Ikkje fordi vi har for lite å gjere på, tvert imot, men fordi vi då kan han ein sjanse til å rekke rundt med gudstenester i alle kyrkjene i prostiet. Det synest eg er veldig viktig, og det opplever eg vert sett pris på av mange der ute, seier Matre.

Student med studiefri søndag

– Utover det reint kyrkjelege då?

– Jau, då meiner eg at alle som kan bør takke ja og med glede ta imot dei fridagane ein kan få. Rett nytta kan ein vårleg fridag vere svært mykje verd for den einskilde, meiner Matre. I dette ligg det også at ho har ei særleg tru på kviledagen generelt.

– Prestestudiet er langt. Då eg sjølv studerte hadde eg ein personleg regel om at eg aldri las pensumbøker på søndagen.

– Eg hadde ei sterk oppfatning av at det var ein god ting med dette konsekvente avbrotet. Så fekk eg også opplevinga av at det faktisk stemte. Eg kom aldri på etterskot med studiane fordi om eg tok fri alle dei raude dagane, fortel Matre.

– Kople heilt av – sjå på graset

Seinare har akkurat dette endra seg, ettersom nettopp dei raude dagane er kjernedagane for ein prest i arbeid.

– Ja, men eg meiner at prinsippet er det same som i studiedagane, å kople heilt av frå det du har som hovudgeskjeft.

– For å setje det litt på spissen, så vil eg gjerne oppmode folk om å stille seg opp og sjå graset gro. Eller setje seg ned og høyre graset gro, for den del, ler Matre. Men også under dette ligg der eit alvor.

– Berre gjennom fullstendig avkopling og utkopling finn du roa til å møte den jamne kvardagen, erfarer Matre, som nyttar høvet til å hevde at den roa og åndelege føda som finst i kyrkja også er mykje viktig.

Folk veit å oppføre seg

– Kva er dine røynsler med bråk på heilagdagar?

– At dei aller fleste syner stor respekt for heilagdagsfreden. Folk veit med seg sjølv kvar grensene går, og folk veit å oppføre seg.

– Denne debatten kjem opp med ujamne mellomrom, men eg ser ikkje at ting har endra seg i negativ lei med åra.

– Som tidlegare sjømannsprest har eg arbeidd i land som Danmark, Tyskland, Nederland, Sveitz og Tanzania. Også der veit folk å innrette seg etter fastsette dagar for kvile og fred.

– Det mest spesielle for Norge er nok Kristi himmelfartsdag. Men andre land har tilsvarande dagar, som kongelege fødselsdagar og liknande, seier Matre.

Nesten aldri bøtelegging

Regionlensmann Guttorm Hagen stadfestar at det er lov om helg og heilagdagsfred, frå 1995, som regulerer kva folk kan gjere på raude dagar.

– Kor stort er problemet i ditt distrikt?

– Ikkje særleg stort vil eg seie. Eg kan ikkje kome på at ei slik sak har enda med bøtelegging i nyare tid.

– Derimot er vi snare med å ringje eller sende ut ein patrulje dersom det kjem ein seriøs klage på uheldig bråk.

– I så godt som alle tilfelle så ordnar det seg på staden, erfarer Hagen. Som prost Matre meiner også han at saka handlar mest om folkeskikk og sunn fornuft.

– Bygging med kvinande sager, grasklipparar og liknande i tettbygd strok er i alle fall å gå for langt. – Derimot opplever eg at dei aller fleste aksepterer at til dømes ein bonde må utføre visse oppgåver med traktor og reiskap, når ver og forhold krev det, seier Hagen.

Denne saka vart først publisert av Sunnmørsposten.