Korleis er kvardagen din?

Akkurat passe travel, med ein kombinasjon av skule, jobb og vener.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Russetida er nettopp ferdig, så no er det fullt fokus på eksamen. I tillegg er det fleire val som skal takast i forbinding med val av utdanning.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Det er vel nærast ei sjølvfølgje å nemne den vakre naturen vi er omringa av. Men det er også viktig å framheve at Ørsta er ein trygg stad å vekse opp, med mange gode tilbod for barn og unge.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta?

Ein uteplass der ungdommen kan samlast.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Eg hadde nok tatt opp att debatten om samanslåing av Ørsta og Volda.

Kven fortener ein blomebukett?

Mamma, fordi ho framleis smør nistepakken min.... men også som takk for alle vakne netter i russetida

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

«Etter mange år med venting får Ørsta endeleg ny Helsestasjon».

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Eg har så mange at det er vanskeleg å plukke ut, men å vere med besten på Finnes i fjøsen eller ut å fiske er svært gode minne.

Kva får deg til å le?

Det skal ikkje så mykje til, men ein artig kommentar eller ein snapchat frå pappa slår aldri feil.

Kva er ditt favorittmåltid?

Det er utan tvil «sluring», som er ein middagsrett Bestemor frå Sogn lagar. Det er så enkelt som bacon i kvit saus.