I Volda vart ei kvinne rygga på av ein bil laurdag ettermiddag. Politiet melde om trafikkulykka klokka 15.10. Då var ambulanse og politi på veg til staden.

Kvinna vart køyrt til Volda sjukehus. Politiet opplyser at kvinna skal vere lettare skadd og at ulykka skjedde i låg fart.

Ifølgje Politiet i Møre og Romsdal vert det oppretta sak.