Vert planen realisert, viser førebelse berekningar at det kan bli mogleg å etablere masseuttak for inntil ein million kubikk fjellmasser på Klubben i åra framover. Det nye planområdet har eit samla areal på om lag 92 da og omfattar eigedomane gnr. 59 bnr. 4 og 41. I tillegg kjem eksisterande fylkesveg gjennom området.

Det er AG Plan- og arkitektur AS, som på vegner av KA Aurstad AS, har varsla oppstart av arbeid med ein privat detaljreguleringsplan og offentleg ettersyn av eit planprogram for Klubben II. Arbeidet med den nye planen er ikkje i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Hovudføremålet med planarbeidet er å leggje til rette for vidare masseuttak på Klubben og legge til rette for etterbruk av arealet.

Avslutta

Tiltakshavar KA Aurstad har i lengre tid arbeidd med å finne areal for uttak av masse til byggje- og anleggstiltak. Noverande massetak på Klubben er nær avslutta.

– Erfaringa viser at det er behov for ca. 100.000 kubikk masse per. år knytt til prosjekt som Aurstad normalt er involvert i i regionen over ein periode på 10 år, heiter det i planen.

Målet med planarbeidet er mellom anna å ta ut meir masse ved å seinke nivået på terrenget mellom regulert fylkesveg og til sjøen. Massen er tenkt teke ut til ca. kote 3. Restmassar og steinfraksjonar, som ikkje kan nyttast til byggje- og anleggstiltak, skal nyttast til oppfylling/terrassering og etablering av grøne område, heiter det i plandokumenta.

Naust

Det er også eit mål å etablere ein arealbruk for Klubben II med sjønære tiltak som naustføremål, båtopptrekk, areal for vedlikehald av båtar, ei mindre kai/tilflot, lagerbygningar, tilhøyrande parkering, gangvegar og tilrettelagde fiskeplassar. Førebelse skisser viser at etterbruken kan gje plass til ca. 100 naust og areal til ca. 4.000 m2 bygningsareal til lagerføremål. I tillegg kjem grøntstruktur med tilrettelagde stiar og fiskeplassar.

– Fleire bruksføremål kan kome til avhengig av dei areala som blir eigna til byggeføremål. Lagerbygningar for større fritidsbåtar, bubilar, mellomlager knytt til forretningar og verksemder generelt, samt anna lager knytt til hushaldningar, er relevant, heiter det i planen.

Terrengnivået for dei aktuelle bruksføremåla skal tilpassast funksjonen i høve til sjø- og landnivå.

Arealbruken innan planområdet handlar om bustadtomter med tilhøyrande anlegg, leikeplass, spesialområde for nedlagt avfallsfylling, friluftsområde, friluftsområde/massetipp, omlegging av fylkesvegen med tilhøyrande frisiktliner og areal til kommunalteknisk verksemd.

Som del av planarbeidet skal det utarbeidast ei konsekvensutgreiing. Gjennom dette vert det stilt noko stengare krav til prosess og utgreiingar og dokumentasjon. Aurstad meinte dette ikkje er nødvendig, men der er kommunen usamd.

Ut frå dei konsekvensane landskapsinngrepet kan ha lokalt og for Ørstafjorden som viktig friluftsområde, og som eit landskapselement i fjordrommet kombinert med konsekvensane for oter og urørt strandlinje (den siste attverande i Ørstafjorden), meiner rådmannen det er rett å stille krav om konsekvensutgreiing i denne saka. Det meinte også planutvalet som stilte krav til utarbeiding av planprogram og konsekvensutgreiing.

Kommunen viser til at Klubben er eit tydeleg landskapselement i Ørstafjorden, og er godt synleg frå størsteparten av fjorden og landområda ikring. Ein konsekvens av planen vil vere at ein større del av neset vert seinka vesentleg.