– Eg har aldri høyrt orkesteret så sprudlande før. Er det fordi det er ein ørsting som dirigerer?, sa Volda-ordførar Jørgen Amdam, etter at første avdeling vart avslutta med ein kraftfull versjon av Kjempeviseslåtten.

Så oppøst var Amdam at han der og då lova at Volda skal ha klart eit nytt kulturhus om 3–4 år.

Og enno var det berre pause.

Etter pause fekk publikum høyre eit verk av Magnar Åm, «Tidlaus energi», før det var klart for Griegs A-moll konsert.

– Det er alltid like kjekt og alltid like livgivande å spele denne konserten. Komponisten var 25 år då han skreiv den og solisten i dag er 25 år. Så det passar bra, sa Bjarte Engeset.

Solisten er Olav Egge Brandal, frå Brandal, med mor frå Volda. Saman med orkesteret og Bjarte Engeset leverte han ein flott finale på det som fleire i publikum meinte var «best games ever» for Høgskuleorkesteret.

– Det var veldig kjekt, med mykje folk og god stemning. Og solisten var heilt fantastisk, seier Bjarte Engeset etter gjesteopptredenen.

Han er ein etablert dirigent med lang internasjonal merittliste, og rundt 40 plateinnspelingar. Han bur i Larvik og er sjefdirigent for Marinemusikken, og har stadig andre oppdrag i utlandet. Men det var i Høgskuleorkesteret det byrja.

– Som 11–12 åring byrja eg å spele fløyte både med Con Brio og med Lærarskuleorkesteret, som det heitte den gongen. Det gav meg mange flotte opplevingar, seier Engeset.

– Er du nøgd med Høgskuleorkesteret sin innsats?

– Ja, eg synest det gjekk veldig bra. Det er kjekke folk, og det er god samansetjing i alder. Det er ein fin gjeng, og ein god opplæringsplass. Det er viktig at dette orkesteret vert halde i hevd.

– Fleire sa at dei aldri har høyrt orkesteret betre. Det er det vel du som skal ha æra for?

– Det er eg ikkje så sikker på. Å dirigere handlar om å forholde seg til folk, og å oppmuntre dei til å våge. Og dei gjorde ein flott innsats.

For pianosolisten Olav Egge Brandal var dette debut med fullt orkester.

– Det var topp å ha eit orkester i ryggen. Eg gav alt eg hadde, og no er eg tom. Men eg er veldig nøgd, sa han etter konserten.

Nøgde: Dirigent Bjarte Engeset saman med solisten i A-mollkonserten, Olav Egge Brandal (25). – Han imponerte, seier den erfarne dirigenten som solistdebutanten. Foto: svein aam