Det er etter oppbod opna konkurs i selskapet Enerbygg Bolig AS på Rystelandet.

Konkursen vart opna 16. mai.

Selskapet har satsa på husbygging i kommunane Ørsta, Volda, Vanylven, Ulstein, Hareid, Sande og Herøy.

- Det har over tid vore ein stram økonomi i selskapet med negativ eigenkapital og likviditetsutfordringar. Det var behov for å gå inn med meir kapital i selskapet, men no vurderte styret at det rette var å melde oppmod, fortel bustyrar Thore Heggen til Møre-Nytt.

Selskapet hadde salsinntekter på nær 21 millionar kroner i 2016 og enda opp med eit resultat før skatt på minus vel 5,5 millionar. Også i 2014 og 2015 hadde selskapet betydelege milliontap på drifta.

Enerbygg Bolig var eigd av Enerbygg AS, eit selskap som også har slite økonomisk med eit negativt resultat før skatt i 2016 på vel fire millionar.

Omsetninga siste året skal ha lege på kring 35 millionar.

Enerbygg Bolig hadde fire tilsette ved konkursopninga.

- Snikkarar og tømrarar har vore leigde inn frå anna selskap, fortel bustyraren.

Konkursen råkar nokre lokale byggjeprosjekt.

- Dette er saker ein no prøver å finne ei løysing på, seier Thore Heggen.

Første skiftesamling vert halde 29. juni i tingretten i Volda.