Kommunalteknisk avdeling har lagt ut eit forslag til ny skiltplan på høyring for Vikegata, Sjøbrauta og Torggata. I planen ønskjer kommunen å opne Vikegata aust for einvegskøyring mellom klokka 07.00 og 21.00 frå E39 til Sjøbrauta. Den går langs Ørsta Torg der Sparebank 1 Søre Sunnmøre er lokalisert på hjørnet.

Bakgrunnen for endringa av skiltplanen er at kommunen ønskjer å legge til rette for at det skal vere lettare for butikkar å etablere seg i Vikegata.

– Aust i Vikegata er det parkeringsmoglegheiter som ein ønskjer å ta i bruk for å gjere det lettare for butikkar å etablere seg i dette området. Ved å opne for einvegskøyring her, vert det mogleg å nytte seg av parkeringsplassar rett ved butikkane og køyre ut til Sjøbrauta og følgje denne sørover til Webjørn Svendsen-gata, seier avdelingsleiar Ulf Kristian Rognstad i kommunen.

Ikkje om natta

Kommunen ønskjer at Vikegata skal vere stengd mellom klokka 21.00 og 07.00 med omsyn til støyproblem kveld og natt for bebuarane i området.

Det har i lengre tid vore ei kjent problemstilling at Vikegata er ei «daud» gate, og at det har vore utfordrande å vere butikkdrivar i gata. Butikkdrivar Petter O. Myklebust, som snart er på plass att med målarforretning i gågata, har tidlegare uttalt at det er nødvendig med ei opning av første kvartal frå aust i gågata for biltrafikk og korttidsparkering.

Lensmann Guttorm Hagen har delt dette synet, og har meint at deler av gågata bør vere open for trafikk kvardagane og laurdagar i opningstid. Men han ønskjer ikkje trafikk i gata på kvelds- og nattetid – heller ikkje i helgane. Og lensmannen vil heller ikkje ha trafikk i gågata nedom Svendsengarden, noko som er i tråd med kommunen sitt framlegg til ny skiltplan.

Dersom det skulle verte bestemt at delar av gågata vert opna for trafikk, har lensmannen også meint at gågata bør skiltast som einvegskøyring, og at det ikkje vert tillate å køyre ut frå det som no er gågate og inn på Ivar Aasen-gata.

– Eg vil rå frå at heile gågata vert opna for trafikk. Det er viktig med ro om natta, og at det ikkje vert gjort tiltak i sentrumsområdet som aukar trafikken på dette tidspunktet med meir forstyrrande køyring, har lensmannen uttalt.