- Om eg gler meg til 17.mai?. Ja, klart det. Det er ikkje sjølvsagt å ha denne dagen. Men no er det ikkje så mange som hugsar krigen, seier Hildur Leira.

Ho var ei av dei første som møtte opp ved Bjørke skule i formiddag for å stille opp til toget.

- No skal vi gå bort til kyrkja. Etter preika dreg alle til Ungdomshuset der det er middag og underhandling, seier Jorunn Viddal og og Torill Leira Bjøringsøy.

Dei feirar heile dagen på Bjørke.

- Dei fleste vert her til det er slutt på programmet. I alle fall vi gamle. Men det er verre med dei unge. Det er vist sværare å vere andre plassar.

Skuleungane i Austefjord

Barneskulen er nedlagt. Ungane går på skule i Austefjord, og vil gå i tog saman med klassevennane. Dermed var det mange frå Bjørke som prioriterte feiringa i Austefjord- i det som førebels er nabokommunen Volda. I tillegg mangla hormusikken i toget på Bjørke i år.

- Det var ein del fråfall av ulike grunnar, så vi klarte ikkje å stille, seier Maria Nikkinen, som bruker å spele i korpset dei har saman med Austefjord.

John Inge Bjøringsøy prioriterer feiringa på Bjørke.

- Vi har det vi treng her. På ungdomshuset får vi kjøtkaker, is, underhaldning og leikar.

Fjell og fjord

Bjørke er den bygda i Ørsta som har vore mest i nyheitene siste året. I toget var både dei som vil til Volda og dei som vil vere i Ørsta. Ei sak var det samstemte om, når dei gjekk i toget: "Bjørke, Bjørke, fjell og fjord. Ingen er som deg på jord", ljoma det mellom snøkledde Hjørundfjordtoppar.