Etter første kvartal fekk banken eit totalresultat før skatt på 27,2 mill. kr mot 21,6 mill. kr i fjor på same tid. Eigenkapitalavkastninga er på 9,9 %. -

–Banken presterer godt på dei fleste område, og vi har såleis fått ein god start på året. Utsiktene i regionen vår er gode, og det ligg til rette for framleis god utvikling for 2018, skriv Sparabank1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding.

Vekst vidare Forvaltningskapital er på 11,2 mrd. kr inkludert sal av lån til SpareBank 1 Boligkreditt AS og SpareBank 1 Næringskreditt AS. Samla utlån inkludert SpareBank 1 Boligkreditt og Næringskreditt har vakse med 1,4 % i 2018. Utlånsvekst på personmarknaden i dette kvartalet er på 4,4 % på årsbasis. 12-månaders-veksten i personmarknaden er på heile 7,5 %. Innskotsveksten dei siste 12 månader er på 5,7 %.

– Det er stor aktivitet i personmarknaden, og banken aukar sin marknadsandel i dette segmentet. Vi har særs positiv utvikling i det vi definerer som ytre region (ytre Søre Sunnmøre), og er særs tilfredse med dette. Banken framstår som konkurransedyktig, og organisasjonen arbeider målretta og godt i alle våre marknadsområde, seier adm. dir. Stig Brautaset. På bedriftsmarknaden satsar banken primært på små og mellomstore bedrifter, og vi ser for oss vekst på dette området framover, seier adm. bankdirektør Stig Brautaset.

Samstundes jobbar banken med å effektivisere drifta.

– Banken arbeider med å tilpasse organisasjonen med fokus på rett kompetanse, dimensjonering og organisering for dei framtidige utfordringane banken står overfor. Det er venta at det vert konkludert på dette området i andre kvartal, står det i pressemeldinga