Investeringsfondet FSN Capital er i ferd med å få i boks eit oppkjøp av Saferoad-konsernet, der Vik Ørsta er eit av dei viktigaste selskapa. FSN Capital har bode 30.10 kroner aksjen, altså nesten det same som opningskursen var då Saferoad vart børsnotert for eitt år sidan. Bodet er nesten 50 prosent over kursen den siste tida, og vert av Hegnar.no omtala som eit «knallbod». Dette prisar selskapet til litt over to milliardar kroner.

Styret i Saferoad tilrår aksjeeigarane å godta bodet, og dei to største aksjonærane har alt sagt ja.

–FSN Capital er glade for å få denne sjansen til å jobbe saman med Saferoad, som opererer i ein attraktiv marknad med betydelege veksmulegheiter, uttalar Ulrik Smith, partner FSN Capital i ei pressemelding.

Mørenot same eigar

FSN Capital  har nyleg kjøpt Mørenot-konsernet i Ålesund/Haram. Det er eit nordisk investeringsfond, på same måte som det fondet som i si tid kjøpte opp Vik Ørsta , Nordic Capital Fund VII. Nordic Capital er største eigar også etter børsnoteringa, men sel seg altså heilt ut.

–FSN har operasjonell og industriell erfaring som gjer at vi vi kan støtte den vidare veksten for Saferoad. Vi vil byggje på den utviklinga av Saferoad som Nordic Capital står bak, og er godt posisjonert for å ta selskapet vidare, uttaler FSN Capital.

Ingen i Vik Ørsta vil førebels uttale seg om salet. Etter det Møre-Nytt kjenner til er ikkje dei tilsette informerte om eigarskiftet.

–Vi kan ikkje uttale oss så lenge eigarskiftet ikkje er formelt i orden, seier administrerande direktør Kjetil Nesset i Vik Ørsta.

Heller ikkje dei tillitsvalde ønskjer å uttale seg.

- Udramatisk

Konsernsjef Morten Holum i Saferoad seier til Møre-Nytt at han er positiv til eigarskiftet. Han reknar ikkje med at det får konsekvensar for Vik Ørsta.

–Vik Ørsta er eit spennande selskap som har ein god posisjon i marknaden, og ein klar strategisk agenda. Desse planane vert ikkje påverka av at det kjem inn ein  ny eigar.

–Så eigarskriften er udramatisk?

–Ja det kan du seie. FSN representerer er eit sterkt eigarmiljø som har oppnådd gode resultat med dei selskapa dei har gått inn i tidlegare.

–Korleis går det  med Vik Ørsta for tida?

–Lønsemda i bedifta har variert. Dei siste åra har det vore litt dårlegare lønsemd enn det har vore historisk, men vi jobbar med å betre på det. Vi ser gode mulegheiter for å vidareutvikle Vik Ørsta og å gjere det til ei enno meir lønsam bedrifta, seier konsernsjefen i Saferoad.

Vik Ørsta er største in dustriarbeidsplassen i Ørsta Foto: Arkivfoto