(Sunnmørsposten)– Ein telefon til kommunen og dei hadde fått vite om planlegging av reinseanlegg. Når kjøpar ikkje tek denne telefonen, så er det hans risiko. Det er han som profesjonell som må bere ansvaret, meiner Volda sanitetslag sin advokat, Odd Arne Nilsen.

Må betale marknadspris

Nilsen viste også til uvissa rundt avkøyrsla til E39, rett ved sanitetshuset. Han meiner kjøpar ikkje kunne vente å få gjere noko med eigedomen, så lenge E39 går forbi der.

– Eg trur kjøpar sit i ro og ventar på tunnelen for å få utnytte eigedomen. Han kjøper for spekulasjon, sa Nilsen og meiner kjøpar tok ein bevisst og ikkje ubetydeleg risiko.

Viss kommunen gjer alvor av planane, så understrekar Nilsen at kommunen må betale marknadspris.

– No er marknadsprisen fastsett, sa Nilsen i retten.

Med aukande bustadmarknad og flytting av E39 til Voldatunnelen, vil ein ikkje lide tap.

Streng plikt til opplysning

Saksøkjaren prosederte på undersøkingsplikta til kjøpar, medan saksøkte heldt fram opplysningsplikta som seljar har – sjølv om eigedomen er seld som han er.

Advokatfullmektig Martin Dyb heldt fram at seljar si opplysningsplikt går føre kjøpars undersøkingsplikt. Han meiner seljar har handla grovt aktlaust.

– Det strid mot den alminnelege rettskjensla viss seljar bevisst held tilbake opplysningar for å gjennomføre eit sal og oppnå full marknadspris.

–Eg vil ikkje rette ein peikefinger til sanitetslaget. Dei har følgt råd frå advokat og meklar. Desse råda var for dårlege, sa Dyb som i alle fall meiner ein burde ha sikra dokumentasjon på at opplysningane om reinseanlegget var gitt munnleg.

Tomteservice hevdar dei ikkje fekk munnleg informasjon om planar for reinseanlegg. Eigedomsmeklaren forklarte i retten at dei gav informasjon om dette til dei som var på vising.

Aurstad tenkte å plassere brakkerigg på tomta og bruke sanitetshuset til kantine og opphaldsrom. Når E39 blei flytta, var tanken å utvikle området. Siste bod frå dei var 4,6 millionar kroner.

Kjell Fure som driv med utvikling av eigedom i Ålesund såg for seg å oppgradere sanitetshuset til hyblar og var med til 3,5 millionar kroner i bodrunden. Han fekk vite om reinseanlegget på visinga, og det hindra ikkje planane hans.

Knut Endre Heltne baud 4,8 millionar og ville bruke eigedomen til bustadhus. Han blei orientert om reinseanlegget, som han også hadde lese om i avisa før. Hans uro var E39, og han kontakta vegvesenet. Der fekk han opplyst at noko meir utbygging enn bustadhus for ein familie, det kunne han gløyme, så lenge E39 ligg der.

Denne saka vart først publisert av Sunnmørsposten.