Sol, litt kald vind og spenning i lufta. Alt var som det skal vere på ein 16-mai kamp på Ørsta stadion. Det var klart for klassikaren Ørsta- Volda.

- Dette brukar alltid å bli jamne kampar, seier Kjell Arne Sætre, ein storspelar på Ørsta på 70-talet

Frode Ose, ein av Ørsta sine trenarar i aldersbestemte klasser, er samd. Han fryktar Volda sine dødballar

- Det blir vel avgjort ved hjelp av Rasmus Årflot sin venstrefot, seier Frode Ose.

Publikumstilstrøyminga er ikkje som i gamle dagar. Ørsta venta 500- 1000 tilskodarar. Det vert rundt 500 med smått, stort og russar på gratishaugen.

Ein av voldingane som var på plass tidleg var John Ove Høydal.

- I utgangspunktet er Volda eit betre lag,men dette er som ein cupkamp. Eg trur likevel at Volda vinn 3-1.

Det skulle vise seg at han tok feil.

Sjansefattig

Ved pause var det 0-0 etter ein sjansefattig omgang.

- Då er det status quo, konkluderer speaker Alf Vatne.

Han har hatt denne jobben nokre år no.

- Eg har stått her i 40 år. Eg får det ikkje frå meg, seier han.

På sidelina står ein bukett damer og prøver å halde varmen.

- Det er litt tamt. Dei må få meir fart på seg. Det var mykje betre på Legene i går, seier Lise Rebbestad. Ho såg Åmdal vinne tysdag og var nøgd med det.

- Men alle heiar på Ørsta altså, seier Laila Sæbønes.

Dei held det for tradisjon å gå på kamp 16.mai.

- Eg hugsar då Ørsta møtte Volda i 1993. Då var det nesten 4000 tilskodarar, seier Laila Sæbønes.

Ironisk veteran

Litt lenger borte sit ein verkeleg veteran i Ørsta-idretten - Dagfinn Nupen.

- Før i gamle dagar var det noko som heitte pasningsspel. Det er det visst ikkje no lenger, seier Nupen. Han er ikkje er heilt nøgd med heimelaget sin førsteomgang.

Liv i leiren

Så livnar det til. Etter vel  10 minutt ut i andre omgang går Volda opp i leiinga- på dødball, akkurat slik Frode Ose hadde varsla før kampen. Men ikkje før er voldingane ferdige med å feire før Ørsta svarar- også det på corner.

1-1 og like langt.

- Det ser ut til å bli uavgjort konkluderer Jon Kornberg (92).

Han har budd i Ørsta heile sitt vaksne liv,men han gløymer ikkje kvar han kjem frå.

- Eg heiar på Volda, vedgår han.

- Men eg må seie eg er litt skuffa over dei i dag, for i andre omgang har Ørsta vore best.

Han står saman med Laila Bastesen.

- Det var nok meir liv rundt desse kampane før. Eg saknar han Kissmus som stod og tygde på sneipane og svelgde.

Klimaks

Og ikkje lenge etterpå kjem klimaks. Ørsta får ballen i nota etter ein frisk periode. Dei siste minutta sniglar seg avgarde for Ørstapatriotane.

Då Ørsta får straffe på overtid reknar alle med at det vert avgjort, men den vert brent.

Ørsta halar ut tide etter beste evne. Så pass grovt at ein av spelarane får gult kort.

Så bles dommaren av kampen.

På langsida er det samla tung fortballfagleg kompetanse. Ordførar Stein Aam, gammal storspelar, står samen med Terje Kjøde og Einar Myrold. Dei kan sleppe jubelen laus. Jon Kornberg held hendene i lomma.

-Heilt klart ein fortent siger. Ørstaspelarane har betre ferdigheiter. Det er eit ung lag, og dei elskar å trene. Eg trur det er eit bra lag på gang, seier Terje Kjøde.

Ørsta er best i Ørsta-Volda! Voldingane ruslar betutta heim att, og russen køyrer vidare på nye eventyr.