(Vikebladet): - Dette er ei stor ære. Det er godt å vite at Sparebank 1 Søre Sunnmøre ser kva vi gjer, sa Svein Rune Gjerde i sin takketale i kantina til Marin Teknikk i Dragsund.

Framfor jublande tilsette blei Gjerde overrekt den gjeve prisen av tre representantar frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre; Sigrun Heltne Vartdal, banksjef for bedriftsmarknaden, bedriftsrådgjevar Ole Lillerovde og administrerande direktør Stig Brautaset.

- Marin Teknikk er ei verksemd som har tilpassa seg marknaden, og som har klart å ligge heilt i front med sine design, som eit uavhengig designselskap. Det er ikkje eit kretsmeisterskap Marin Teknikk deltek i, det er eit verdsmeisterskap. Ein skal konkurrere med dei beste i verda, og det har denne verksemda klart å gjere over tid. Også det å tilpasse seg etter at det blei stopp innanfor olje- og gassnæringa i 2014/2015, har ein klart her. Marin Teknikk har i staden klart å kome seg inn på marknader som diamantutvinning, yacht, autonome skip og mykje anna, sa administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset, i sin tale før overrekkinga av den flotte statuetten.

Gåva frå banken var ein statuett laga av kunstnar Ingeborg Rørvik Lejon, og ein sjekk på 25.000 kroner. I tillegg spanderte lokalbanken kake på dei tilsette i Marin Teknikk.

Denne saka vart først publisert av Vikebladet.