– Eg vil oppmode grunneigarlag og andre om å tømme bompengekassene for pengar. For no er det tjuvar ute, åtvarar Kjetil Rørstad i Skjåstaddalen.

Nyleg har nokon tømt kassa der ein kjøper fiskekort ved fylkesvegen i Skjåstaddalen.

– Det handlar ikkje om mykje pengar, men det er irriterande, seier Rørstad.

Han minner om at det tidlegare har vore tjuveri frå bompengekasser i fjelldalane, og ber dei som er eigarar av slike om å tømme dei for kontantar.

– Hos oss må tjuveriet ha skjedd midt på natta, for kassa står heilt inn til tunet, og vi ville ha sett noko om det var på dagtid, seier Rørstad.