Volda sentrum

Ny paradegate langs elva

Prisen er ganske stiv, men den nye gangvegen i Elvadalen i Volda tar seg fint ut
Nyheiter

Vegen gjer det muleg å spasere langs heile Øyraelva i Volda sentrum. Det er den nedste delen som no får ny og påkosta gangveg.

- Dette blir studentane si paradegate til Rokken, og eit bindeledd mellom sentrum og Høgskuleområdet og idrettsanlegga, sa ordførar Jørgen Amdam då han opna den nye gangvegen gjennom Elvadalen tysdag ettermiddag.

Det er snakk om fire bruer - ei av dei hengande over elva- og 300-350 meter gangveg. Pris: 7,3 millionar kroner.

- Det som forsvarer pengebruken er at anlegget kan stå i fleire generasjonar. Og det er eit fabelaktig handtverk, sa kommunegartnar Torgeir Stensø.

Rekninga vert delt mellom stat, fylke og kommune, samt næringslivet i Volda.