Mykje hjort, men færre enn i fjor

Det vart telt mykje hjort i Ørsta og Volda under hjorteteljinga. Likevel, i Ørsta var det færre enn i fjor.

Hjort: Det vart talt mange dyr under hjorteteljingane i Ørsta og Volda. Er to ekspemplar av sorten i Bondalen tidlegare i vår.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det har vore to hjorteteljingar i Ørsta kommune og dei andre kommunane på Søre Sunnmøre no i vår. Den første var 21. april og den andre 5. mai.

Ørsta hadde 1126 hjort ved 1. teljing, og 1280 hjort ved 2. teljing, melder Ørsta kommune på si heimeside.

I Volda vart det talt 1317 hjortar ved fyrste teljing, og 1247 ved andre teljing.

I Ørsta vart det telt færre dyr enn i fjor. I 2017 vart det registrert 1339 dyr ved fyrste teljing, og 1421 ved andre teljing.

I Volda er det motsett. Der vart det talt i overkant av hundre fleire dyr ved begge teljingane enn i fjor.