Fire vil utbetre Rotsethorntunnelen

K.A. Aurstad AS, BKK Enotek AS og Norsk Bergsikring AS med det billegaste tilbodet.

Frå tilbodsbefaringa i april i år.  Foto: Statens vegvesen

Nyheiter

Statens vegvesen skal gjere utbetringar i Rotsethorntunnelen og har teke imot fire tilbod på arbeidet.

- No skal vi kontrollrekne tilboda. Vi legg opp til å skrive kontrakt før sommarferien, fortel assisterande prosjektleder Arne Ola Stavseng.

TilbydarTilbodssum utan mva
BMO Entreprenør AS100 085 371,00
K.A. Aurstad AS, BKK Enotek AS og Norsk Bergsikring AS88 796 820,00
Mesta AS105 934 498,63
One Nordic Kraftmontasje AS114 409 345,00

Arbeidet som skal gjerast i tunnelen i Volda kommune er for å heve tryggleiken.

- Arbeida er planlagt starta opp i månadsskiftet august/september i år og skal vere ferdig i løpet av juni 2019, fortel Arne Ola Stavseng.

Dette skal i hovudsak gjerast:

  •      Det meste av det elektriske anlegget skal skiftast ut
  •      Sprenge to nisjar for tekniske bygg inne i tunnelen
  •      Bygge tekniske bygg inne i tunnelen
  •      Montere vannsikring i deler av tunnelen
  •      Etablere videoovervaking med direkte kontakt til Vegtrafikksentralen
  •      Montere nytt rekkverk i tunnelopningane
  •      Støype betongrekkverk der det manglar
  •      Montere trafoar i tekniske bygg inne i tunnelen og utanfor tunnelen
  •      Framføring av høgspent i samarbeid med Mørenett