Prøvde å overtale departementet om Bjørke

Ein delegasjon frå Ørsta la måndag fram Ørsta sitt syn på Bjørke-saka overfor den politiske leiinga i Kommunaldepartementet.

Ørsta-delegasjonen hos departementet. F.v.: Advokat Hanne Strand, ordførar Stein Aam, Anne Sølvi Vatne, rådmann Wenche Solheim, Solveig Nikkinen Rørstad og Ola Perry Saure.  Foto: Ørsta kommune

Nyheiter

– Eg er godt nøgd med at vi har fått lagt fram saka for leiinga i departementet. Og vi hadde med oss representantar for innbyggjarane på Bjørke som på ein god måte fekk fram kva dette handlar om, seier ordførar Stein Aam i Ørsta.

Med seg i delegasjonen hadde han Ola Perry Saure, Solveig Nikkinen og Anne Sølvi Vatne.

Ørsta hadde også med seg advokaten som har gjort den juridiske utgreiinga om saka.

Ørsta kommune hadde på førehand levert sitt syn skriftleg. Der går det fram at kommunen meiner at innbyggjarundersøkinga, som gav fleirtal for at Bjørke skal verte verande i Ørsta fleirtal, skal tilleggjast meir vekt. Vidare at dei økonomiske konsekvensane ikkje er vurderte godt nok.

Ordførar Stein Aam hevdar at ei grensejustering også ikkje samsvarar kommunereforma sin intensjon om robuste kommunar. Ei grensejustering vil medføre at Ørsta kommune misser ein femdel av arealet, og at dei økonomiske konsekvensane vert negative grunna tap av kraftinntekter.

Også Volda kommune hadde møte med kommunaldepartementet måndag. Ordførar Jørgen Amdam leia delegasjonen.