1. mai starta Ulrik i si nye stilling som folkehelse- og frisklivskoordinator. Det melder Volda kommune på sine heimesider.

Stillinga er som namnet tydar på ei samanslåing av stillingane som folkehelsekoordinator og frisklivskoordinator. Desse to funksjonane har vore ubemanna i Volda kommune over ei lengre periode no av ulike årsakar.

Ulrik kjem frå Spjelkavik og er utdanna fysioterapeut i Bergen med vidareutdanning i tverrfagleg rehabilitering frå NTNU i Ålesund.

Han har den siste tida arbeidd ved LHL-Klinikkene Skibotn der han har hjelpt hjerte- og lungesjuke, personar med sjukeleg overvekt og sjukemeldte til varig livsstilsendring gjennom fokus på fysisk aktivitet, kosthald, stressmeistring og røyk-/snusslutt.

Gjennom Frisklivssentralen ønskjer Ulrik å vidareføre dette helsefremmande og førebyggjande arbeidet for Volda kommune sine innbyggarar. Tilbodet er aktuelt for dei som har auka risiko for, eller allereie har utvikla livsstilssjukdom og som behøver støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar.

Som folkehelsekoordinator vil Ulrik mellom anna vere eit koordinerande ledd i kommuneorganisasjonen med oversikt over førebyggande og helsefremjande tiltak i alle sektorar. Dette krev nettverksbygging og Ulrik vil no i starten reise rundt og helse på dei kommunalt tilsette, lokale lag og frivillige organisasjonar som driv med folkehelsearbeid. Ulrik kjenner du igjen på bekledninga, han går nemlig i shorts stort sett året rundt.

På bakgrunn av erfaring føler Ulrik seg godt rusta til å gå inn i oppgåva som folkehelse- og frisklivskoordinator. Han er glad for at folkehelse er ei prioritert sak i Volda kommune og gleder seg til å ta fatt på arbeidet som ventar.

Volda kommune sin nye folkehelse- og frisklivskoordinator blir å treffe på Frisklivssentralen på Volda omsorgssenter, Barstadmarka 2.