Dei kunne ikkje ha bede om betre ver, og det gjorde nok også sitt til at svært mange bilar og publikummarar tok turen for å sjå på gamle glis i strålande solskin på kaia på Sæbø. Det var trongt om plassen og god stemning.

Einar Muren hadde teke turen med sin Ford King Cobra frå 1978.

- Det er ein ganske uvanelg bil. Så vidt eg veit er det den einaste registrerte i Noreg, fortel han, standsmessig kledd i hatt for høvet.

Bilen kjøpte Muren av Tore Thon, som hadde importert han til Noreg.

- Det vart laga berre 4.500 eksemplar av denne, i 1978, så han er unik på fleire måtar, kan Muren fortelle.

Han har sans for gamle bilar. Til saman har han seks bilar, alle til bruk ved ulike høve.

- Skal eg på langtur har eg ein engelskprodusert original T3 til campingbruk. Eg har også ein bil som vert brukt til bryllaup. Så har eg ein open sportsbil, truleg den penaste i Noreg, til bruk på strålande solskinsdagar. Han tok eg ikkje i dag, for eg er jo redd for desse bilane, og vil ikkje ha for mange borti dei. Og så har eg ein Mercedes 250 som eg brukar til kvardags, i alle fall no sommarstid.

Bilinteressa sit djupt. Sidan han byrja å styre med gamle bilar, tilbake i 1988, har han hatt om lag 20 innom garasjen sin.

- Men eg har ei maksgrense på seks-sju bilar. Eg må kunne ta skikkeleg hand om dei eg har. Så eg har selt ein del langs med, før eg har kjøpt ny.

Og det beste med desse eldre bilane, meiner Muren, er at dei er enkle å forstå seg på.

- Gamle bilar har ikkje elektronikk som lagar trøbbel. Eg har prøvd det også, men det er ikkje noko for meg. Eldre bilar er enkle. Har du gnist og har du bensin, så går dei.

Sjølvbygd

Lenger borte på kaia er der ei stor samling karar som tek ein liten sjarmør i nærare augnesyn.

Ein gul og kul liten bil står inneklemt mellom langt meir kjende og muskuløse doningar.

- Han er sjølvbygd, fortel eigar Oddvin Aasen.

Sjølvbygd og god, men med stort vedlikehaldsbehov, fortel Oddvin Aasen. Foto: Janne-Marit Myklebust

Bilen vart bygd i 1952 av Olav Aambakk (1911-2001), vart teken over av ein annan, men vart sidan ståande på ei løde av ulike årsaker.

Aasen fekk ta over bilen, og har sidan sett han i stand. Første tur ut i frisk luft på fire hjul var i fjor.

- Heile bilen er laga av tre og kledd i aluminium. Olav Aambakk sat og banka aluminiumen med sandsekkar, og forma skjermar i front med ein hammar. Så det er godt handverk som er gjort. Motoren og giret er tysk. Det var nok ikkje så lett å få tak i bilar etter krigen, så då tok han saka i eigne hender, fortel Aasen, som no er stolt eigar av bilklenodiet.

Det ligg mykje arbeid bak opprustinga. Stort sett alt av vindauge og leidningar mangla, men no får sjølvbyggaren igjen nyte asfalt under dekka.

- Her er det verken rote eller rust. Det er ikkje mange bilar som er 66 år gamle som kan seie det same.