Dei to siste åra har luftkjølte folkevogner fylt Vikegata i Ørsta ein laurdag i mai. Luftkjølt laurdag kom i stand med ein tanke om å samle Folkevogn-miljøet på Sunnmøre i Ørsta. Under det første arrangementet kom det 54 utstillarar og rundt tusen besøkjande var innom gågata. I fjor auka talet på utstillarar til 61 og minst like mange besøkande la turen innom som første året. Arrangøren held fast ved malen frå dei to første åra, men har eit mål om at arrangementet skal vekse også i år.

– Det blir Luftkjølt laurdag etter same lest, men med litt tøffare ting. T-skjorter, kaketombola, sveler, fruktkorg, kaffi og fine premiar, seier Trygve Hovdenakk, Lena Bratteberg og Pål André Lillebø som står bak arrangementet.

Luftkjølt Aasen

Luftkjølt laurdag samarbeider med dei næringsdrivande i gågata, og møter mykje positivitet. I år har det og blitt designa eksklusive t-skjorter med Roar Hagen teikning til arrangementet.

– Dette har Sparebank 1 Søre Sunnmøre sponsa for oss, og det er vi glade for. Desse t-skjortene vert berre selt i år.

Utearrangementet er avhengig av vêret og Luftkjølt laurdag vonar at dei kan vere like heldig som ved dei to første arrangementa.

– Om vêret slår til så har vi eit mål om det kjem sytti utstillarar. Vi blir ikkje lei oss om det kjem førti bilar, og vi kosar oss uansett. Det er like viktig for oss at kjem folk som vil sjå og mimre, seier Hovdenakk.

– Om vi held fram å vekse må vi sperra gata nedom. Det er målet på sikt, seier Bratteberg.

Arrangøren tenkjer no fleire år fram i tid og har ein draum om telt med serving og musikk i gågata i framtida.

– Det er ikkje berre bilmengda vi vonar skal vekse, men folkemengda og heile totalpakka.

Luftarlag

Dei tre Folkevogn-entusiastane har gått saman og danna Ørsta luftarlag. Luftarlaget arrangerer Luftkjølt laurdag, men det kan også bli fleire arrangementet i framtida.

– Luftarlaget kan brukast på mange måtar for å få folk til å lufte seg. Hovudpoenget er folk treng å lufte seg, og då treng du nokon til å arrangere noko der folk får den sjansen.

Eksklusiv t-skjorte: Roar Hagen står bak illustrasjonen på t-skjorta som har fått teksten «Ivar ville køyrt folkevogn». Foto: Joachim Åsebø