Korleis er kvardagen din?

Kvardagen er jobb kl. 07.00, heim 15.00. Lage middag, deretter slappe litt av før ein tek turen ut på fjellet eller fotballtrening på Sæbø.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

I vinter har det stort sett gått i jobb og snowboard, men no for tida går det mykje i fotball på Sæbø A-lag. Elles er eg nettopp ferdig med å arrangere ein av sportane for X2-festivalen.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Fjell, fjord og folk. Sunnmøre er ein flott plass sommar som vinter.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta?

Treng vi meir i sentrum?

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Ein får vell ikkje gjort mykje som ordførar på ei veke, men eg ville slått eit slag for fleire attraktive kommunale bustadfelt på bygdene.

Kven fortener ein blomebukett?

Alle som gjer det vesle ekstra for å gjere kvardagen til andre betre.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

Skisesongen 18/19 blei like bra som 17/18!

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Det må vere å få bli med foreldra mine i fjøsen. Det var alltid noko nytt og spennande å finne på der.

Kva får deg til å le?

Ein god vits eller ei god historie gjer alltid susen.

Kva er ditt favorittmåltid?

Julemiddag med pinnekjøt.