– Eg er både stolt og imponert over det faglege nivået på produktutvikling her på huset. Ja, eg vil hevde vi ligg i Champions League, for å bruke fotball-terminologien.

Nytilsett administrerande direktør i Arctic Nutrition, Ole Arne Eiksund, er trigga over det bioteknologiselskapet i Hovdebygda har fått til sidan starten for sju år sidan. I dag er selskapet ute i marknaden med kosttilskotet Romega. Det er ifølgje Eiksund det beste produktet som er utvikla av fagmiljøet i Hovdebygda.

Arctic Nutrition: Administrerande direktør i Arctic Nutrition, Ole Arne Eiksund, ser eit stort potensiale i Romega.

Det seier ikkje så lite: For ein del år tilbake vart selskapet Natural utvikla etablert av forskarmiljøet i Hovdebygda. Selskapet utvikla ei naturleg feittsyre som skal ha svært positive eigenskapar både for folk og dyr. Produktet gjekk så godt at Kjell Inge Røkke sitt Aker i 2006 kjøpte selskapet Natural som Jan Remmereit i Volda hadde bygt opp sidan 1989. Remmereit er sentral også i Arctic Nutrition sine satsingar. Det kjem vi tilbake til.

No gapar Arctic Nutrition endå høgare, og held på å utvikle eit legemiddel som skal ha god effekt mot psoriasis. Også her ser selskapet føre seg eit stort potensial, med mål om å erobre ein nærast umetta verdsmarknad.

arctic nutrition: Masterstudent Morten Droas er ein av dei som sikrar for den beste kvaliteten på laboratoriet.

Sentralt i all satsing er rogn frå sild, nærare bestemt silderognekstrakt. I dei ørsmå sildeegga vert det henta ut omega 3-feittsyrer og protein. Rogna inneheld mange unike næringsstoff som jobbar saman om å sørge for at immunforsvaret til folk, hjartet, hjernen, synet, levra, lipidomsetninga og fleire organ og funksjonar skal kunne haldast oppe i normal tilstand.

Betre effekt

– Den spesielle typen DHA fosfolipidar i silderogna gir endå betre effekt enn vanleg omega 3-feittsyrer. Spesielt med feittsyra frå silderogna er også at den er emulgerande, det vil seie at den lett vert løyst opp i vatn. Det gjer at den også raskare let seg absorbere i kroppen, forklarar Arctic Nutrition-direktøren. For å seie det litt enklare:

– Samanlikna med tran kan ein seie at viss det er ein vanleg bil, så er Romega ein Rolls-Royce. Og det er fordi silderognekstrakt har langt høgare opptak av omega 3-feittsyrer enn andre kosthaldsprodukt med denne feittsyra, fortel Eiksund.

Tilsette: Produktet Romega er i ferd med å verte innarbeidd godt i marknaden. Dei tilsette har minst like store voner for eit legemiddel mot psoriasis som er under utvikling. – Potensialet vil vere enormt på verdsmarknaden, seier adm. dir Ole Arne Eiksund.

Han kjem frå Ulstein, men bur i Oslo. I store delar av yrkeskarrieren har Eiksund jobba med sal og marknad innan legemiddelindustrien, ikkje minst internasjonalt. Dei siste fire åra har Eiksund jobba med kosttilskot basert på marine feittsyrer med heile verda som marknad. I dag leier Eiksund elleve tilsette i selskapet sitt lokale i Hovdebygda.

I fjor omsette kosttilskotet Romega for tjue millionar. I år er målet å passere tretti mill. Og så langt er salet i rute.

– Vi er veldig nøgde med satsinga på heimebane der lokale butikkar har vorte suksesshistorier som vi vil bruke nasjonalt. No jobbar vi mot sal også i m.a. Nord-Amerika, i tillegg til fleire europeiske og asiatiske land, fortel Eiksund.

Romega vert i dag produsert i Fredrikstad.

Psoriasis

No er fokus i selskapet altså mykje retta mot utviklinga av ein medisin mot psoriasis. Omfattande om målretta forsking viser at silderogn har alt som skal til for å skape nytt liv.

– Difor er det ikkje så rart at dette har spennande biologiske eigenskapar, seier Hogne Hallaråker, marinbiologen som starta Arctic Nutrition saman med Harald Nordal og Jan Remmereit. Hallaråker har no ansvaret for pharma-satsinga i Arctic-selskapet. Jan Remmereit står bak fleire store og nyvinnande satsingar, og er største aksjonær i Arctic Nutrition. Men han har med seg ei rekkje mindre aksjonærar på Sunnmøre, m.a. Jan Endre Vartdal og broren Sindre Vartdal.

arctic nutrition: I sjøkanten på Rystelandet i Hovdebygda finn ein eit forskarmiljø av internasjonal klasse som utviklar produkt av silderogn. Går alt etter planen, vil ein ny medisin mot psoriasis vere klar for verdsmarknaden innan tre år.

Ole Arne Eiksund meiner selskapet han leier er i ein unik posisjon som utviklar av ny medisin.

– Nystarta biotekselskap, med ambisjon om å utvikle ny medisin, treng normalt 10–12 år og fleire hundre millionar kroner på å kome i mål. Vi sit inne med så stor kunnskap om produktet at vi håper å bruke berre sju-åtte år totalt. Og no har vi att tre år før legemiddelproduktet kan vere ferdig, seier Eiksund.

Planen er at inntektene frå salet av Romega skal dekkje den daglege drifta og at inntektene kan bidra med ressursar til legemiddelutviklinga.

Dokumentere

For å få marknadsføringsløyve for ein medisin må ein dokumentere kvalitet, tryggleik og effekt.

– Kvaliteten er vi trygge på at vi skal levere, og fordi sildeoljeekstrakt vert henta ut ut frå ei matvare, og stoffet i dette allereie er konsumert av millionar av menneske, er vi også trygge på tryggleiken. Då står i prinsippet effekten att som det einaste usikre, seier Eiksund.

Selskapet gjennomfører no ein klinisk studie på hudavdelinga på Haukeland universitetssjukehus. Om denne gir positive resultat får ein sikkert vite på seinsommaren i år. Ei gruppe på 64 utplukka personar testar no produktet, der den eine halvparten får kokosnøttolje som placeboprodukt.

– Vi er veldig trygge på den gode effekten, det viser ein pilotstudie. Dersom undersøkinga på Haukeland også gir positive resultat, vil vi starte eit program med ein større multisenterstudie for å få fram dokumentasjon til å søkje godkjenning som legemiddel i EU og USA, fortel Eiksund.

For å realisere dette, må Arctic Nutrition hente inn mellom tretti og femti millionar kroner.

– Med positive resultat i studien trur vi det er mulig å få med investorar på dette. Det er ikkje kvar dag ein finn eit legemiddelprosjekt med så liten tapsrisiko – og så stort potensiale, fortel direktøren.

Han ser føre seg ein nærast umetteleg marknad.

– Mellom to og tre prosent av folk i verda har psoriasis, og det er stort behov for enkel, trygg og rimeleg behandling, ifølgje Verdas Helseorganisasjon, seier Eiksund.

Målet er klart: Innan tre år skal Arctic Nutrition ha på plass løyve for marknadsføring for sitt første legemiddel. Og då startar ei ny tid for det ambisiøse selskapet i Hovdebygda. Og då kan det også verte bygt ein lokal fabrikk, utan at dette er spikra.

– Men det vil heilt klart vere behov for ein slik type fabrikk lokalt, slik at vi også får full kontroll på produksjonslina.

Proteintilskot

Opp i det heile har Arctic Nutrition også utvikla eit proteintilskot, også det henta frå silderogna.

– Proteinet er det som er att etter at oljen er ekstrahert frå rogna. Produktet handlar om pulver i tablettform, og det er spesielt at dette tilskotet verken smakar eller luktar. Også her tenkjer vi stort med sal på verdsbasis. Folk som driv trening er mellom ei stor kundegruppe, fortel adm. dir Ole Arne Eiksund som sjølv er meir enn middels oppteken av trening: Denne mannen har sprunge over hundre maraton. Og i august er han klar for Saudehornet rett opp. Også med sildeoljeprodukt innabords.