– Mykje komikk og artige klovnar

Jan Kjetil Smørdal er tilbake med Cirkus Agora, og har førestilling i Volda søndag.

til Volda: Circus Agora held framleis koken og kjem til Volda søndag. Foto: Circus Agora  Foto: Circus Agora 2018

Nyheiter

– VI har eit veldig bra program, forsikrar sirkusdirektøren frå Nordfjordeid.

Det betyr mellom anna «temposjonglør i verdsklasse», «komisk trampoline og «luftens prinsesse», ifølge nettsida til sirkuset.

–Det mykje komikk og artige klovnar. Og dyra er framleis med, både ponniar og hundar, seier Smørdal, som sjølv skal opptre med sitt klassiske balansenummer.

– Eg er still going strong, forsikrar Smørdal.

–Vil folk framleis har sirkus?

– Ja, vi hadde ein bra sesong i fjor og har hatt ein fantastisk sesong i år. Vi har omstilt oss slik mange andre gjer i samfunnet i dag. Det store teltet er bytta med eit mindre. Det betyr at vi også kan besøke små plassar, der det ikkje har vore sirkus på mange år.

Han ville gjerne kome til Ørsta, men i år var det ingen høveleg plass her på grunn av utbygginga av idrettshall. Men Volda får besøk, og der skal sirkuset halde til på Steinrøysa ved Volda vidaregåande skule.

– Då kjem vi frå Nordfjordeid og heimebane, til det som nesten er heimebane i Volda, seier Smørdal.

– Levande underhaldning er på veg inn att. Folk er metta av å sitte å sjå på dataskjermar. Folk vi ha nærleik igjen. Men det er viktig å ha ei spenstig og bra førestilling. Vi kan by på spenning frå a til å, og har med mange flotta artistar.