- Eg er sjølv frå ei lita bygd. Eg veit kva tryggheit den vesle bygda kan gi, men på sitt verste tek tryggheita vekk fridomen. Og utan tryggheit har fridomen ingen verdi. I gode bygdemiljø veit folk når du treng hjelp, før du veit det sjølv. I gode bygdemijø er det lov å vere ulike. Og eg har sett at der har vore nokre som har vore kritiske og både dytta biologien og Vår Herre framfor seg, og dei har eg lyst til å ta for meg! sa ein engasjert kulturminister til dei over 1.000 som møtte i Propellhallen i Volda for å høyre på appellar etter paraden.

Skei Grande seier at biologien er mykje meir liberal enn det mange trur, og at det er mykje homofil- og lesbisk erotikk i naturen.

- Naturen set ikkje grenser for kjærleik. Og så er det nokon som påstår at Vår Herre har laga ein kjærleik som vi ikkje skal føle. Det er ikkje den guden eg trur på! Min Gud har sagt at: Størst av alt er kjærleiken, utan forbehold, og for alle. Vi er ulike. Og at menneske er ulike gjer livet litt finare. Ingen skal kjenne seg utanfor eit fellesskap. I dag skal ingen gøyme seg i einsemd. I dag skal alle få lov til å vere seg sjølv. Og alle skal ha fridom til å elske den dei vil.

Skei Grande meiner at nye tider, gjer bygda til ein verande plass for skeive.

- Mange har følt at dei må flytte til større byar. Men i dag marsjerer vi for fridom, og for trua på rause fellesskap, der bygda er like god som byen!