Om bord var to personar, som begge kom frå det utan alvorlege fysiske skader.

Leiar for flyskulen i Ålesund Flyklubb, Christian Caspersen, stafestar at dei to dreiv øvingsflyging.

– Vi ønskjer ikkje å spekulere om årsaksforhold. Det vert sett ned ein granskingskommisjon, og vi ventar på deira konklusjon, seier  Caspersen.

– Har du snakka med dei to som var om bord?

– Vi hadde kontakt med dei etter hendinga i går. Så langt vi veit går det bra med dei, men slik eg har forstått det er dei framleis til observasjon ved sjukehuset, sa Caspersen til Møre-Nytt onsdag formiddag.

–Ikkje problem

Caspersen opplyser også det ikkje har vore problem med skuleflyet tidlegare. Flyet, som har registreringsmerke LN-YWS er ei såkalla mikrofly av typen Avid flyer mark IV med ein Rotax 582- motor. På heimesidene til flyklubben står det at Vigra er hovudbase, men at det også er mogleg å operere frå flyplassen i Hovden og Molde. Klubben har fem instruktørar, og rundt 30 medlemmer, i følge heimesida.

Norges Luftsportsforbund (NLF), der Ålesund Flyklubb er medlem,  vart varsla om hendinga av politiet tysdag kveld. Fagsjef Tom Bjerke i NLF Mikoflyseksjonen seier at dei skal granske det som på flyspråket er i kategorien  «alvorleg hending».

–På generelt grunnlag kan eg seie at det sett ned ein granskingskommisjon. Samansetninga av denne vil vere klar i løpet av fredag denne veka. Vi er i kontakt med operativ leiar i Ålesund Flyklubb. Det vil kome ein rapport frå fartøysjefen, i tillegg til at vi har samla inn ein del bildeinformasjon frå hendinga.

–Kor lang tid er det venta at dette arbeidet vil ta?

–Det er vanskeleg for meg å seie. Det vil ta den tida som det treng.

Mikrofly er den lettaste vektklassa for fly. Det kan ta inn til to personar og vekta skal maskimalt vere 495 kilo. Minste kontrollerbare flyhastigheit skal ikkje overstige 65 kilometer i timen.

Alarm

For Ørsta- Volda lufthamn var beredskapen sett på prøve i går.

– Vi rykkte ut med vårt mannskap, og den operative organiseringa fungerte veldig bra. Naudetatane i Ørsta og Volda vart varsla av oss, og kom raskt på plass, seier fungerande lufthamnsjef Terje Nergård.

– Såg de kva som skjedde?

– Ja hendinga var observert av våre folk, seier Nergård, som ikkje vil spekulere om årsaka til ulykka.

– Trass i at det var ei alvorleg hending ser det ut til at det har gått bra, og det er vi glade for.

Flyplassen vart stengt og det førte til at kveldsflyet ikkje kunne lande. Dermed vart også ein av morgonavgangane innstilt.