Eit småfly gjekk hardt i bakken då det skulle ta av frå Ørsta/Volda lufthamn tysdag kveld. Ifølgje politet vert to personar teke hand om av helsepersonell. Personane skal vere lettare skadd. Ambulansehelikopter kom til staden og ein person vart frakta til sjukehus i luftambulanse. Den andre vart køyrt til Volda sjukehus.

Ifølgje augevitne såg det ut til at flyet vart teke av eit vindkast då det prøvde å lette.

Flyet ligg på sida eit stykke vekke frå rullebana.

Politi, brannvern og helsepersonell, i tillegg til flyplassen sitt eige mannskap, rykka ut til ulykka.

- Etter dei opplysningane vi har fått har dette truleg skjedd i samband med take off. Det var to personar i mikroflyet. Vi har fått informasjon om dette skulle vere øvingsflying. Piloten vart frakta til Volda sjukehus for sjekk og passasjeren vart frakta med luftambulanse til Ålesund sjukehus. Begge var ved medvit då dei vart frakta frå staden, opplyser operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck til Møre-Nytt.

Flyplassen er stengd inntil vidare. Rutefly blir omdirigert til Sandane og Vigra.

- Vi har varsla Norges luftsportsforbund då mikrofly går under dei. Kriminalteknikar er på veg til staden. Flyplassen er stengd til ulykkestaden har blitt undersøkt.

Flyplassen vart opna att natt til onsdag. Politiet har oppretta sak og vil drive vidare etterforsking.

Etter det Møre-Nytt får opplyst var det mikoflyet til flyklubben på Vigra som styrta.

Foto: Bendik Mork Folkestad