Det seier kreftkoordinator Solfrid Simonnes de Crane som jobbar på Ørstaheimen.

Denne veka gav damene i Lionsclub Ørsta/Ørstenvik 30.000 kroner i gåve for etablering av såkalla palliativt rom – lindrande rom for døyande pasientar.

Frå før har Ørstaheimen to slike rom, men no skal dei lage til to nye.

– Vi er utruleg glade for støtta, og vi har fått frå fleire også. Det betyr mykje for alle dei som treng det. No har vi høve til å gi eit tilbod til dei som kanskje ikkje ønskjer å vere heime i siste fase av livet. Vi har det einaste tilbodet i kommunen, seier Solfrid Simonnes de Crane.

Ho understrekar at tilbodet om lindrande rom ikkje gjeld berre for kreftpasientar, men også for andre pasientar med behov for lindrande pleie i siste fase i livet.

Glede

Og for damene i Lions er det ei stor glede å gi tilbake til lokalsamfunnet.

– Vi vil også takke alle som er med på å støtte oss via loddsal. Hovudinntektskjelda vår er julelotteriet, og alt vi gjer, gjer vi på dugnad. Det gler oss stort å få gi noko tilbake til lokalsamfunnet. Støttar du oss lokalt, skal du også vere sikker på at pengane vi får inn går til lokale tiltak, fortel Margunn Furseth Liadal, Liv Slenes og Susanna Woldsund.

Lionsklubben sørgjer for at alle pengar dei får inn, både via kontingent og andre aksjonar, går til veldedige føremål – også nasjonalt og internasjonalt gjennom Lions International.

– Men når det gjeld lotteriet vi har til jul kvart år, går pengane utelukkande til lokale føremål. Det betyr mykje for oss å få vere med på å støtte opp om lokalsamfunnet.