Kai Roger Vatne ny generalsekretær i Ungdomslaget

I juni får Noregs Ungdomslag ny generalsekretær i Kai Roger Vatne (43).
Nyheiter

NPK: Vatne har bakgrunn frå det lokale ungdomslaget i Ørsta og Hovdebygda på Sunnmøre og har dei siste åra arbeidd som seksjonsleiar i Norges Røde Kors. Der har han arbeidd med nasjonal beredskap og oppfølging av dei lokale hjelpekorpsa rundt om i landet.– Eg gler meg ekstremt mykje til å ta fatt på jobben. Det er ein organisasjon eg sjølv har vakse opp i, og som har vore med på å utvikle meg som person. No har eg ikkje vore med på mange år, men gler meg veldig til å komme tilbake, seier Vatne til Nynorsk pressekontor.

Lokale utfordringar

Onsdag hadde han det første overleveringsmøtet med avtroppande generalsekretær Eli Ulvestad, som sluttar 31. mai etter ni års teneste i Ungdomslaget.Kai Roger Vatne tar over stafettpinnen alt 1. juni, og i første omgang skal han konsentrere seg om å gjere seg kjent med kulturorganisasjonen og arbeidsfeltet.

– Det er for tidleg å seie kva utfordringar eg skal gå laus på. I første omgang handlar det om å bli kjent med lokallaga og fylkeslaga og finne ut kva utfordringar dei har. Det er dei utfordringane vi må jobbe med, seier Vatne.

– Triveleg leiar

Vatne var i si tid som aktiv medlem mest engasjert i teaterarbeid, men var òg med i ungdomsklubben i Ørsta.

Styreleiar Mette Vårdal i Ungdomslaget er godt fornøgd med å ha sikra seg ein ny generalsekretær som både har god kompetanse i leiing og økonomi, kjennskap til frivilligsektoren og bakgrunn frå lokalt ungdomslagsarbeid.

– Og så har han ein viktig leiareigenskap: Han er triveleg og god til å prate med folk. Eg er viss på at vi kjem til å få mange gode samtalar om drift og utvikling av Noregs Ungdomslag, og eg trur ikkje han går av vegen for å utfordre oss på gammal vane, seier styreleiaren om den nye generalsekretæren.