I gamle dagar var det slik at når ørstingane skulle bli kvitt søpla frå eigedomane sine var det greit å legge dette til ein stad der ein slapp å sjå fyllinga frå sentrum. Slik vart Klubben søppelfylling for ei heil bygd, ute av syne, ute av sinn. Der var alt frå gamle bilvrak til møblar, gamle tapetrestar og alt som høyrer med til eit moderne samfunns overflod. Det var berre det at for alle tilreisande frå vest var dette det første synet som møtte folk i same stund ein runda Lianeset. Det same synet møtte folk som kom sjøfarande. Alle skjøna etter kvart at dette ikkje var presentabelt, og fyllinga vart sanert og tilsådd.

Fjorden definerer bygda

Ørsta Kommune har tre fjordar. Hjørundfjorden er spektakulær og er ein av landets absolutte attraksjonar. Grunna kommunereformen kan ein stor del av fjorden gå tapt til Volda om Fylkesmannen(regjeringa) får viljen sin. Vartdalsfjorden, som er full av oppdrettsanlegg, skil Ørsta frå Hareid/Ulstein og fører inn til sjølve Storfjorden.

Den tredje fjorden, Ørstafjorden, kan ikkje måle seg med dei to andre, men fører inn til kommunesenteret i Ørsta. Dette er ein svært sårbar terskelfjord som er verna mot oppdrett. Fjorden er lite forureina, og har eigen stamme av reker og fjordsild i tillegg til å være korridor for laksen til og frå Ørstaelva. Korleis ein enn ser det så definerer denne fjorden byen Ørsta saman med fjella rundt.

Den beste fiskeplassen

Midt i Ørstafjorden stikk Klubben ut som eit lite Vangsnes. Alle ørstingar som har vore på sjøen veit at dette er den beste fiskeplassen i fjorden, med midtpunkt i formasjonen Klubbaskallen. Her har ørstingar skaffa mat på bordet til alle tider. Ja, for mange er denne ressursen litt av poenget med å bu ein slik plass.

Ein million kubikkmeter

I dei seinare år har det vore gitt løyve til masseuttak på Klubben. Mange har vore uroa, men vi vart forsikra om at dette var avgrensa, og at alt skulle lagast til og bli som før, berre med fine tomter på toppen. Etter vedtak i Ørsta Formannskap 19/3-18 røysta fem av åtte for at ein ny detaljreguleringsplan for Klubben kan halde fram. Der gjeldande reguleringsplan frå 2011 regulerer uttak og opprydning i det allereie utgravde området, er det som no vert presentert noko heilt anna. Ein million kubikkmeter masse skal takast ut heilt ned mot sjøen.

Det er teikna inn store naustrekker i krateret, samt lagerbygningar bak. Det er lett å sjå føre seg at mykje vil måtte tippast i sjøen for å få til båtstøer i dette bratte terrenget med djupet utanfor.

Kva er verknadene?

Omfanget på dette prosjektet er så stort at mange involverte både blant initiativtakarane og i kommunen vil være daude før dei får sjå enden. Det seier seg sjølv at fiskeplassen vert sterkt berørt både under masseuttaket, og når det ein gong tar slutt.

At det på førebels planskisse er teikna inn tre rampar der folk kan stå på land og fiske med krateret bak der Klubben ein gong var, kan ikkje tilsløre at dette inngrepet vil være uforeinleg med aktivitet i området. Kva verknad sprenging, knusing og tipping vil ha på livet i sjø og strandsone er det ingen som veit.

KA Aurstad gjer oss stolte

Det er fullt forståeleg at verksemda K A Aurstad, som gjer oss litt stolte kvar gong vi kjøyrer den flotte vegen i Gudbrandsdalen, treng både masse og gode rammevilkår til liks med andre entreprenørar. Næringslivet på Sunnmøre har alltid vore dynamisk, og har utvikla seg i djup forståing med lokale styresmakter og befolkninga over lang tid. Våre bedriftseigarar kjenner vi og er stolte av. Ei kommune skal sjølvsagt legge til rette for utvikling, velstand og vekst. Vi må være takksame for lokalpolitikarar som brukar tida si på dette. Men stundom er det også naudsynt for ei kommune å sette grenser.

Stein overalt

Ørsta Kommune består for det aller meste av gneis og andre bergartar, det same gjeld nabokommunen Volda. Ørsta Kommune må snarast gå i dialog med verksemda, og eventuelt andre entreprenørar, for å få kartlagt og avsett areal for å dekke framtidige behov. Næringslivet treng stabile og føreseielege rammevilkår. Ørsta har store ubebygde område med stein i ufattelege mengder. Ein kan berre ikkje endre og fjerne landskapet midt i Ørstafjorden for all framtid utan å sjå seg rundt etter betre alternativ. Det er fjorden og fjella som er Ørsta.

Roar Hagen