Synnøve pungar ut

Når kassa er tom, tek leiaren i Hjørundfjord kulturvernlag grep.

Ny kunnskap : Også veteranane på årsmøtet fekk ny kunnskap om sunnmørsfæringen. Her ser vi frå venstre: Per Atle Røe, Einar Saure, Kjell-Arne Årseth (nestleiar i Hjørundfjord Kulturvernlag), Synnøve Rekkedal Hill, (leiar i Hjørundfjord Kulturvernlag), kurshaldar Håvard Haraldson Hatløy og Torbjørn Urke. Foto: Knut Hustad  Foto: Knut Hustad

Nyheiter

Sist søndag var det årsmøte i Hjørundfjord Kulturvernlag. Laget har lagt eit godt arbeidsår bak seg og i 2017 var restaureringa av internatskulen på Stavset hovudprosjektet. Også Kulturminnefondet har sett på dette som eit viktig arbeid og har tildelt kulturvernlaget 390.000 kroner som skal dekkje delar av restaureringa av vindauga på skulen. Prosjektet held fram og skal vere ferdigstilt i år.

Men det er også andre prosjekt under arbeid. Kulturvernlaget har t.d. fått 245.000 kroner til rydding av strender i Hjørundfjorden for å betre utsikta til kulturlandskapet. Dette arbeidet har no kome godt i gang.

Men under årsmøtet kom det fram at laget slit med manglande eigenkapital. Dette har ført til at leiaren i laget, Synnøve Rekkedal Hill, har teke opp eit privat lån på ca. 300.000 kroner for å betale rekningar for kulturvernlaget. «Det var ikkje så mykje anna å gjere når forfallsdatoane var der og kassa var tom», opplyste Rekkedal Hill nøkternt.

Hjørundfjord Kulturvernlag er flinke til å søkje om pengar og har fått tildelt større beløp både frå Unistiftelsen, Hjørundfjordfondet og ikkje minst Møre og Romsdal fylke til ulike prosjekt. Problemet er berre at laget i hovudsak ikkje får utbetalt pengane før dei ulike prosjekta er ferdige og avslutta. Dermed vert det lett likviditetsproblem. Kulturvernlaget er framleis skuldige Rekkedal Hill 100.000 kroner.

– Ho har i alle fall sikra seg eit verv på livstid, humra ein under årsmøtet.

Ei anna problemstilling som Hjørundfjord Kulturvernlag no har fått i fanget, er – slik det no ser ut – at Storfjorden/inste delen av Hjørundfjorden, vert overført til Volda kommune. Hjørundfjord kulturvernlag har brukt mykje av både tid, arbeid og pengar i dette området, m.a. til mellomaldertunet Bakketunet på Åkre og Notanaustet på Bjørke.

Vedtektene seier, og årsmøtet ynskjer, at Hjørundfjord kulturvernlag sitt nedslagsfelt framleis skal vere tidlegare Hjørundfjord kommune. Men at kulturvernlaget no må hanskast med to kommunar når t.d. søknadar om midlar til restaurering skal skrivast, vil utan tvil føre til meirarbeid. I tillegg kan kanskje også to kommunar prioritere ulikt, opplyste Rekkedal Hill.

Ho såg likevel positivt på arbeidet vidare. Rekkedal Hill vart vald til leiar for eit nytt år. Med seg i styret får ho Kjell-Arne Årseth, Yngve Frøland, Jørund Aklestad, Torbjørn Saure Hoel og Monica Riise

Og sjølvsagt var innhaldet på årsmøtet på kaihuset på Sæbø ikkje berre rekneskap og årsmelding. Dei to høgdepunkta var nok kaffi, fersk- og svært god bakst og ikkje minst Håvard Haraldson Hatløy, museumsstyrar ved Herøy Kystmuseum, sin skuletime om sunnmørsfæringen. Han stilte med ein vakker, sjølvbygd færing. Aldri har det på så kort tid vore kome fram så god og også underhaldande informasjon i Hjørundfjorden om denne båttypen og om dei som brukte båten til dagleg. Knut Hustad