Ville kuppe kommunevåpenet

Det vart tendensar til dramatikk i Fellesnemnda sitt møte på Grodås torsdag då saka om kommunevåpen for Nye Volda kommune skulle bankast igjennom.

Våpen: Slik vert kommunevåpenet til Nye Volda kommune. Saka vart torsdag avgjort i Fellesnemnda. 

Nyheiter

På møtet kom det benkeframlegg om at Hornindal sitt noverande kommunevåpen skulle vere kommunevåpen for Nye Volda. Dette kommunevåpenet viser tre ljåblad.

Debatt

Etter ein nokså spesiell debatt fekk dette framlegget, ved endeleg votering, to røyster, medan åtte røysta for det framlegget som heraldikknemnda hadde foreslått. Dette har både ljåblad og pennesplitt, altså noko frå begge kommunane som skal inngå ekteskap. Ingen har tidlegare hatt innvendingar mot dette framlegget.

Det nye kommunevåpenet for Nye Volda kommune er såleis endeleg vedteke.

Det nye kommunevåpenetfinn ein dei eksisterande kommunevåpena til høvesvis Hornindal og Volda, der pennesplitten (Volda) vert omkransa av to ljåblad (Hornindal).

Vittige røyster meiner det er ei kvinne sine edre delar ljåblada passar på.