"Eiksund kommune blir neppe noko av"

Leiren i Møre-Nytt 21. april.

Hans Olav Myklebust og Knut Erik Engh (båe Framstegspartiet) meiner at Ørsta og Ulstein kan slå seg saman til ein kommune.  Foto: Linda Eikrem, Vikebladet Vestposten

Det ville blitt eit sterkt team, ikkje minst innan næringsutvikling

Nyheiter

Eiksundsambandet knyter saman Ørsta og Ulstein. Difor er Eiksund kommune ein sterk namnekandidat dersom det vert noko av forslaget til dei to Frp-politikarane Hans Olav Myklebust i Ørsta og Knut Erik Engh i Ulstein

Ørsta eller Ulstein vil ikkje slå seg saman med sine naturlege partnarar, Volda og Hareid. Det er mange grunnar til det, men den gjensidige skepsisen basert på kiving opp gjennom åra må ikkje undervurderast. Kva då med Ørsta og Ulstein?

Ørsta og Ulstein var lenge skilt frå kvarandre av ein djup fjord, og eit ferjesamband. Slik er det ikkje lenger. Eiksundsambandet har gjort oss til nære naboar.

I begge kommunane er det sterke industritradisjonar. Det er allereie interkommunalt samarbeid på viktige område, og fleire er på gong. Frp-arane har rett: Ørsta og Ulstein passar saman. Det ville blitt eit sterkt team, ikkje minst innan næringsutvikling.

Men den som set ein hundrelapp på at Eiksund kommune vert ein realitet vil nok få høge odds. Utspelet har fått lunka mottaking med få unnatak, både i Ørsta og Ulstein.

På Søre Sunnmøre er kommunekartet grovt sett som før, medan det er store endringar på gang på nordre Sunnmøre. Også i Nordfjord/Sunnfjord er det fleire samanslåingar, nokre av dei langt meir usannsynlege i utgangspunktet enn Ørsta og Ulstein.

Eiksund kommune blir neppe noko av, men utspelet er friskt og nytenkjande, og det er eit nytt døme på at kommunereforma ikkje er over med den runden som snart er avslutta.