"Monsterfangst" i Hjørundfjorden

Det er kanskje ikkje så hyggeleg å kalle breiflabb for eit monster, men det er ikkje langt unna sanninga. Makan til tanngard skal du leite lenge etter.

Storkaren gjekk i garnet. Makan til tanngard skal du leite lenge etter.  Foto: Ingeborg Bjørdal Standal

Nyheiter

Birger Egil Standal og Dalius Lemantauskas frå Litauen fekk storfangst i Hjørundfjorden laurdag morgon. Dagen før reiste dei ut frå Store-Standal for å sette garn, og det viste seg å vere ei lønsam affære. I alle fall for smakslaukane.