Korleis er kvardagen din?

Eg liker å vere på plass på kontoret før kl. 08. Då får eg tid til å ta unna e-post og diverse førefallande før dagen sine gjeremål set inn. På kveldstid liker eg å vere saman med vener, gå i teater og er eg heldig, får eg med meg hunden vår, Fabian, på ein tur.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Eg er oppteken av korleis personar som opplever kjønnsinkongurens vert møtt av helsepersonell. Det er ei sårbar gruppe som for tida får eit svært dårleg helsetilbod. Elles er eg svært entusiastisk over at Ørsta og Volda får oppleve Pride i mai!

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Natur og ver! Romedalen og Veirahaldet. Eg saknar stormane og kjenne at der ruskar ordentleg rundt meg, lite av det ved Akerselva i Oslo ….

Kva saknar du i sentrum av Ørsta ev. Volda?

Eg lurer på kvar alle folka er etter middagstid i veka? Sentrum er heilt folketomt, med unntak av dei som er på Amfi. Meir liv og røre i gatene – kan nesten verte litt redd av dei folketomme gatene.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Då hadde eg kome meg ut av rådhuset, snakka med folk og kjent på kva det er folk treng. Eg hadde svelgt unna litt stoltheit, sett framover og tenkt kva som er bra for Ørsta i framtida og ikkje berre for meg her i dag.

Kven fortener ein blomebukett?

Mannen min – tolmodig og syter for at eg alltid får middag.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

Ei overskrift om at folk trivest, har arbeid og at det stadig flytter fleire folk til bygdene hadde vore storveges.

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Det er å sitje på kjøkenet til ho besta, oldemor mi, og dele ei skål med fruktsuppe. Det var trygt og godt, det.

Kva får deg til å le?

Situasjonshumor – det som eigentleg i utgangspunktet ikkje er morosamt, kan eg le godt og lenge av.

Kva er ditt favorittmåltid?

Er veldig glad i japansk mat; Tempura med grønsaker og tonkatsu (innbakt svinekjøt).