– Eg vil vise til Inndelingslova, og at denne saka er så «stor» at ho ikkje handlar om ei grensejustering, men kan tolkast som ei kommunedeling. Og då bør saka leggjast fram for Stortinget for endeleg avgjerd, meiner ordførar Stein Aam.

Han viser til at dersom Bjørke og området ikring forsvinn til nye Volda, misser Ørsta kommune 18 prosent av landarealet sitt.

– Dette er mykje, og er eit av argumenta for å få saka til Stortinget. Dei andre argumenta handlar om økonomiske konsekvensar og det viktige med at Ørsta kommune får halde på heile Hjørundfjorden i samband med ei omfattande turistsatsing. I den samanheng vil det vere uheldig med ei deling av Hjørundfjorden, der ein stor del av fjorden for framtida skal halde til i nabokommunen, seier Aam.

Argumenterer

Kommunen held no på å utarbeide eit skriv til departementet der det vert argumentert sterkt for kommunen sine synspunkt i grensejustreringssaka, som også handlar om at Fylkesmannen, i motsetning til andre kommunar som har grensejusteringar på dagsorden, ikkje bryr seg om fleirtalet i innbyggjargranskinga på Bjørke. Dette reagerer Stein Aam sterkt på. Som kjent gav innbyggjargranskinga eit resultat på 56 prosent ja til å verte verande i Ørsta. Aam meiner Fylkesmannen har brukt eit vikarierande motiv, og at hans eigentlege mål er kommunesamanslåing mellom nye Volda og Ørsta kommunar.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) er mellom dei som jobbar for at Ørsta-saka kjem til Stortinget der ho håper at KrF, som kan sitje med nøkkelen i saka, går mot det ho kallar strategien frå regjeringa om vidare samanslåing.

Gjemnes

Klinge ivrar også for at sakene om å flytte indre Gjemnes til Molde og to bygder i Norddal til Stranda bør handsamast i Stortinget. Klinge meiner det er ein så stor del av dei to kommunane som forsvinn, at sakene ikkje kan handsamast som ei vanleg grensejustering der regjeringa har siste ordet. Klinge hevdar elles at tilrådingane frå Fylkesmannen inneber eit forsøk på å få fleire kommunar til å slå seg saman.