Politiet melde tysdag ettermiddag om at fire personar var involvert i eit snøskred ved Saudehornet. Ein vart teken.

John Bratland ved operasjonssentralen i Ålesund opplyser til Møre-Nytt at det er fire personar som er involvert.

- Ein av personane har vore inne i raset, men dei opplysningane vi har fått no er at personen er ute av raset. Vi veit ikkje om nokon av dei involverte er skadde, seier han.

Eit redningshelikopter var over området, og redningsmannskap vart også kalla ut.

I følgje smp.no var det fire tyske skituristar som var involvert i skredet, og ein av dei vart teken.

Han fortel at han vart ført 200 meter nedover. Han fortel også at han ikkje vart begraven i snøen.

– Eg har gått på ski i 40 år og ikkje opplevd noko liknande før, seier mannen til smp.no før følgjet seg i bilen og køyrer frå staden.Volda Ørsta Røde Kors Skredgruppa vart alarmert i samband med skredet som gjekk frå Saudehornet. Aksjonen vart avslutta då det vart bekrefta at ingen vart sakna eller skadde. Skredgruppa var då i ferd med å ta seg opp i frå vassverket, melder Ørsta Røde Kors hjelpekorps på sine facebook-sider.