Trafikkulykke i Rindane

To bilar kolliderte i ei trafikkulykke i Rindane tysdag ettermiddag. Totalt fem personar var involvert.

To bilar har kollidert på E39 i Rindane like før Lianeset.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Like etter klokka 18.00 melde politiet om ei trafikkulykke på E39 i Ørsta.

Kollisjonen skjedde i ein av dei siste svingane i Rindane før Lianeset.
Bilane kolliderte front mot front.

Dei første meldingane gjekk ut på at ein bil hadde køyrt inn i ein hengar, for så å treffe eit køyretøy i motgåande felt.

Luftambulanse kom også til staden, men personane vart transportert med ambulanse til legevakta.

- Det var totalt fem personar i dei to bilane. Alle er køyrde til Volda sjukehus for ein sjekk, opplyser Per Åge Ferstad ved operasjonssentralen i Ålesund.

Det danna seg lange køar i på E39 i samband med ulykka.