«Hovdebygda har rykka opp i Eliteserien»

Møt Bjørnar Øye i Go'dag-praten.

  Foto: Privat

Nyheiter

Korleis er kvardagen din?

Alarmen går kl.6:15, og med to små gutar går mesteparten av dagane med til dei og anna nødvendig husarbeid. Eg prøver å få trent 4-5 økter i veka, det kan ofte bli litt seint, men det er viktig å halde formen ved like i ei hektisk periode. Elles prøver vi å vere sosiale med familie og vennar når det passar. Akkurat no har eg gradert pappapermisjon so då har eg litt betre tid.