" Eg ser veldig fram til å få bli ein del av den flotte gjengen på Amfi"

Møt Inger Merete Sandvik Sundnes i Møre-Nytt si faste laurdagsspalte, "God dag".

  Foto: Privat

Nyheiter

Korleis er kvardagen din?

Kvardagen er god. Eg er vorte ein morgonfugl med åra og no startar dagen tidleg i lag med Fant, ein liten kjekk kvalp på eit halvt år. Det vert ein liten tur med han før frukost og jobb i Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Mange kjekke kollegaer og kundar der gjer dagane innhaldsrike. Men no er fokus i ferd med å dreie over til Amfi og oppgåvene som ventar. Eg ser veldig fram til å få bli ein del av den flotte gjengen som driv butikkar og jobbar der. Etter jobb er det middag og gjerne ein tur i lag med Fant eller ein tur på Topp Trening. Kveldane blir gjerne brukt til å sjå litt TV, lese sakspapir til ulike møte eller å strikke. Elles har eg ein uvane med å sovne på sofaen, spesielt på fredagane.