Skal byggje ny bussterminal i Ørsta sentrum

Varslar endringar i trafikkmønsteret

Denne veka startar arbeidet med ein ny bussterminal i Ørsta. Anleggs- arbeidet vil medføre endringar i køyremønsteret i Ørsta sentrum dei neste åtte månadene.

Ny bussterminal: Teikninga syner korleis den nye bussterminalen vil sjå ut. I anleggsperioden vert bussterminalen mellombels flytta til området der den raude sirkelen er teikna. 

Nyheiter

– Vi håper i alle fall at vi kan kome i gang denne veka. Det er mogleg at telen i grunnen gjer at arbeidet kan verte litt forseinka, seier byggjeleiar Claude Ingar Hildrestrand i Statens vegvesen.