Ho vert ny Amfi-sjef

Inger Sandvik Sundnes (50) er tilsett som ny senterleiar ved Amfi Ørsta.

Ny sjef: Inger Sandvik Sundnes vert ny senterleiar hos Amfi Ørsta.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Sandvik Sundnes tek over etter Peder Lid, som går av for aldersgrensa.

– Eg gler meg til å byrje i arbeidet. Når eg fyrst skulle gjere noko nytt i yrkeslivet, er det spennande å gjere noko heilt annleis, seier Sandvik Sundnes.

Ho er i dag kunderådgjevar i Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Ho er også medlem i Ørsta kommunestyre, og representerer Høgre.

– Eg ser på Amfi Ørsta som ei svært viktig verksemd for Ørsta kommune. Senteret er så langt ei suksesshistorie, seier Sandvik Sundnes.

Ho poengterer at Amfi er viktig både som ein magnet for handel og som arbeidsplass.

Dei tilsette ved Amfi er orienterte om at ho er den nye senterleiaren. Ho vil ta til i arbeidet 1. mai.

Kjøpesenteret opna i 2006 og vart vidare utbygd i 2012. AMFI Ørsta er det største kjøpesenteret i regionen, og hadde ved årsskiftet 31 butikkar.

I 2017 omsette butikkane på kjøpesenteret for 386 millionar kroner.