Attgløymd gryte gav røykutvikling

Full brannutrykking i Volda.
Nyheiter

I syttentida tysdag ettermiddag vart det varsla om røykutvikling i Volda sentrum til 110-sentralen.
Alle naudetatar rykte ut.

Brannvernet tok seg inn i bustaden. Der var det røykutvikling, og kjelda viste seg å vere ei gryte på komfyren. Ho hadde kokt tørr. Dei som høyrde til i bustaden har truleg gløymd gryta att på komfyren. Dei var ikkje heime.