Dronevideo frå Skårasalen

Stordag i fjellet

Laurdag var ein av dei verkeleg store skidagane for toppturentusiastane.

Nyheiter

På Facebook har det fløymd over med skibilete etter ei ny helg med flotte forhold i Ørsta-fjella. Spesielt laurdag var ein stordag, med strålande sol og det som røynde skifolk omtalar som «super-føre».

Torjørn Vatne frå Ørsta er ein av dei som nytta seg av finveret. Han var på Skårasalen samen med ein stor gjeng. Han tok den klassiske ruta ned Likkje- Skårdalen.

- Det var pudder frå toppen ned til skaret, og flotte forhold ned mot Skår, der me vart henta med båt. Det var sol og finever, og eit flott dag, seier Torbjørn Vatne.