– Tjelden er komen

Årets fyrste tjeld observert i Osfjøra.

  Foto: Arkivfoto

Nyheiter

– I dag var tjelden i fjøra på Ose, fortel Janne Lise Ose på Ose.

Ho såg årets fyrste tjeld i fjøra nedanfor meieriet.

– Han er nok litt seinare ute enn tidlegare år. Han plar kome rundt den 8. mars, fortel Ose.

At tjelden var på veg, vart det varsla om førre veke. Då vart den fyrste sett på Flø.