Leiarartikkel 10.mars

Yrke for framtida

Elevar ved helsefag ved Ørsta vidaregåade skule: Victoria Halse (t.v.), Ronja Aakre, Eileen Grete Berstad, Natalia F. Krøvel.  Foto: Rune Sæbønes

Dei offentlege arbeidsgjevarane må vere ansvaret bevisst og syte for lærlingplassar

Nyheiter

Det er færre søkjarar til dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal i år. Årsaka er enkel: Ungdomskulla er mindre. Talet på eldre derimot går oppover.

Dette er ei utfordring for velferdssamfunnet og det offentlege helsetilbodet. Det kan bli ei bør for dei unge, men det gir og moglegheiter. Helse og eldreomsorg har gode konjunkturar. Det er ei sikkert vekstnæring.

Dette har dei skjøna, dei som har søkt seg til helsefag ved Ørsta vidaregåande skule. Lina for helsefag er ei av dei mest populære i den vidaregåande skulen. Også teknikk og industriell produksjon er på vinnarlista.

Det er gledeleg at interessa for yrkesfag aukar. Det er bra for dei unge, som satsar på yrke der det er behov for arbeidskraft. Det er og bra for Ørsta, som om nokre år får ein ny og moderne vidaregåande skule det verkeleg er bruk for.

Yrkesfaga har lenge hatt lågare status enn dei teoretiske. Det er det ingen grunn til. Behovet for folk med praktisk kunnskap aukar. Mange praktikarar har god inntekt, og dei har ei utdanning som skaffar dei jobbar også utanfor byane.

Det er tverrpolitisk semje om å satse meir på yrkesfag. Slik utdanning kan mellom andre Ørsta vidaregåande skule tilby ungdomane. I alle fall i to år.

Problema oppstår når elevane skal ut i lære. Det er stor mangel på lærlingplassar i ei rekkje fag, også helsefag. Arbeidsmarknaden for helsefag er i hovudsak stat, fylkeskommune og kommunar. Dei offentlege arbeidsgjevarane må vere ansvaret bevisst og syte for lærlingplassar. Noko anna er eit svik mot ungdomane som vil inn i desse yrka som vi kjem til å trenge så sårt om nokre år.