Stengjer vatnet måndag

Vassleidinga langs Vikebygsvegen blir stengt måndag

Det er for tida byggjearbeid på vegen til Vassbotn i Volda  Foto: Svein Aam

Nyheiter

I samband med prosjekt for utbetring av Botnavegen, har Volda kommune trong for å stengje vassleidninga i Vikebygdvegen fyrstkomande måndag 12.03.2018 kl. 9-15, melder kommunen på sine heimesider.

Vassleidninga langs Vikebygdvegen vert då nedstengt grunna spyling og desinfisering av nylagt vassleidning i Botnavegen. Alle abonnentar i Botnavegen vert utan vatn i dette tidsrommet. Når det gjeld Vikebygdvegen, er råka bustader etter all sannsyn avgrensa til mellom (til og med) Vikebygdvegen 140 i vest til (til og med) Vikebygdvegen 202 i aust. Abonnentar innanfor dette strekket vil også vere vasslause medan arbeidet pågår. Stenging og opning av leidning vert ikkje varsla ytterlegare utover dette, melder kommunen, og bed abonnentar om å ta forholdsreglar m.a. ved å tappe vatn på kanne.