Kontraktar til Brunvoll

Brunvoll har signert kontraktar på framdrifts-, manøvrerings- og kontrollsystem til tre linebåtar.

nye kontraktar: Brunvoll har signert kontraktar for framdrifts-, manøvrering- og kontrollsystem til tre linebåtar. Ill: Skipsteknisk  Foto: Skipsteknisk

Nyheiter

Kontraktane er med Vaagland Båtbyggeri AS for ein linebåt til reiarlaget H.P.

Holmeset AS, og med Tersan Shipyard, Tyrkia for to linebåtar til reiarlaget Ervik Havfiske

AS. Leveransane frå Brunvoll skjer innan Q1 2019. Kontraktane har ein samla verdi på ca. 21 millionar norske kroner.

– Brunvoll er stolte over å bli valt som leverandør til dei nye linebåtane. I ein krevjande marknad med sterk konkurranse om kontraktane generelt, er Brunvoll sitt fokus på kontinuerleg utvikling av driftsoptimale og driftssikre løysingar avgjerdande for å lykkast, seier Odd Tore Finnøy, CEO i Brunvoll Group i ei pressemelding.

– Å kunne samarbeide tett med designselskap og reiarlag som stiller høge krav til miljø, sikkerheit og kvalitet er verdifullt og også viktig for at Brunvoll skal kunne tilby optimale løysingar til ulike segment seier han vidare.

Leveransen til den nye linebåten til H.P. Holmeset som skal bli bygd på Vaagland Båtbyggeri, består av komplett Brunvoll framdrifts- og manøvreringssystem med gir- og cp-propellanlegg, ein kombinert opptrekkbar azimuth/tunnel thruster, og integrert kontrollsystem.