Eitt steg nærare nytt mediehus i Volda

– Det nye mediehuset vil samle heile «medie- familien» ved Høgskulen i Volda i eit framtidsretta og moderne bygg.

Ute på Anbod: Det nye mediehuset i Volda er no ute på anbod. 

Fakta
  • Innflytting 2020
  • Undervisning
  • Forsking
  • Etter- og vidare- utdanning
  • FutureLab
  • Konferansar
  • Kurs og seminar
  • 500 studentar
  • 50 tilsette
  • 4300 kvm
Nyheiter

Det skriv Høgskulen i Volda på sine heimesider. Mediehuset som har vore planlagt i lengre tid, er no ute på anbod.

– Dette er eit nytt og viktig steg i retning av realisering av det nye mediehuset, seier rektor Johann Roppen til nettstaden.

Medieutdanningane i Volda har heilt sidan 1970-åra vore attraktive i nasjonal samanheng. Gjennom ei praktisk orientert utdanning og nært samarbeid med arbeidslivet har «Voldamodellen» vorte retningsgjevande også for andre medieutdanningar i Noreg.

Landets beste

Avdeling for mediefag tilbyr seks bachelorprogram: Journalistikk radio/TV, journalistikk nett/avis, PR og kommunikasjon, medieproduksjon, mediedesign og animasjon. Avdelinga har også årsstudium, og HVO sin einaste internasjonale grad: Master in Media Practices. Journalistutdanninga vart nyleg rangert som landets beste.

Avdeling for mediefag har stor internasjonal utveksling og har omfattande ekstern praksis, mellom anna i norsk mediebransje og i USA.